|
Øystein F
Aktiv deltaker
   
1673 Innlegg
|
Skrevet - 30/04/2012 : 20:18:04
|
No har det tina vekk ein heil meter med snø sidan påske her på Nordmøre, og då er det råd å finne noko anna enn kvitt.
Denne gongen er det tale om ein solbærbusk som har fått ein partnar eller kva vi skal kalle det. Greina er daud, så samarbeidet har kanskje ikkje vore så gunstig, eller så kan det vere det er føresetnaden for kompaniskap. Det liknar i det minste ganske så mykje på ripsbeger. Spørsmålet er som vanleg om det kan vere noko anna.
I følgje artskart så er ikkje denne mykje rapportert, men det kan vere at dei som leitar ikkje ser etter i hagane i særleg grad.
Dei største begera held eit største tverrmål på ein millimeter. Det kan sjå ut som begeret lenge har eit slags lokk som sprekk opp etter kvart.
|
|